?

Log in

No account? Create an account
Lótiel writes
nanowrimo
now 
15th-Nov-2011 08:33 pm - Dag 14
Priscilla
Ord i dag: 2743
Ord totalt: 22020

22020 / 50000 words. 44% done!

Skrivemøte = best.


Eg hadde skrive ned nesten alt for Øyvind Gulbrandsen nummer to då eg såg noko gjennom augekroken. Dei selde TV-ar inst i lokalet, dei stod på utan lyd, alle saman.
Grunnen til at eg hadde sett det var nyhendesaka syntest på skjermane. Stor brann i Hønegrenda, stod det. Fleire hus var oppslukte av flammane.
“Vent,” sa eg, “det der er jo huset til naboen!” Det var eitt av husa som brannmennene framleis prøvde å slokke. Ved sida stod eit overtent hus. Brannfolka brukte alle kreftene sine på husa rundt. “Det er huset mitt!”
14th-Nov-2011 12:08 am - Dag 13
Priscilla
Ord i dag: 1295
Ord totalt: 19277

19277 / 50000 words. 39% done!

Eg er så sliten at det ikkje er gøy ein gong. Men har skrive relativt mykje på relativt lite tid, så det er bra. Og på torsdag er eg ferdig med eksamen #1.


Vi var ikkje kome mange skritta før det kom enno fleire menn rundt hjørnet. Eg ville ikkje at dei skulle ha tid til å trekkje våpen, så eg ville ha dei unna og vere gjennom så raskt som mogleg.
Eg slo mot tinningen til den første. Han blokkerte med underarmen, som gav meg ei opning til å sparke han i magen. I dag hadde eg på joggesko, så det må ha gjort vondt, og han dobla over, men fall ikkje saman. Eg såg kva Samuel gjorde samtidig som eg fokuserte på min fyr, han sparka og sparka til han kom gjennom blokken til fyr nummer to. Så var det sistemann. Han hadde fått betre tid til å førebu seg, og venta på oss.
Samuel nikka, og samtidig fauk vi laus på han. Eg hoppa høgt for å sparke han i pusterøret, medan Samuel huka han bak kneet så han fall saman. Vi sprang opp trappa, rundt ein fyr som heldt ut armen, som for å stoppe oss, kom til verandadøra. Den var låst. Sjølvsagt, dei hadde vel låst alle dørene i huset.
Eg reiv og sleit i døra. Den rikka seg ikkje i det heile.
13th-Nov-2011 12:05 am - Dag 12
Priscilla
Ord i dag: 508
Ord totalt: 17982

17982 / 50000 words. 36% done!

Har hatt ca 45 minutt å skrive på i dag, så ikkje så ille som det ser ut. Hadde ein matpause her tidlegare med ein halv episode Mythbusters. Skal skrive litt meir og sjå den ferdig, og så sove. Utsliten. Og lang dag i morgon. Og mange ting skjer framover. Så eg må eigentleg lære meg å skrive fortare. For eg har ein del (halvuttenkt) plott. No skal ting byrje å skje!


Bussterminalen vert ikkje betre jo seinare det blir. Det er godt med lys inne i bygget, men likevel er det mørkt, ein berre føler at nokon ser på ein frå skuggane. Det gjer dei jo sjølvsagt ikkje, sia det ikkje finst ein einaste krok der med skugge, men kjensla var der likevel, og let seg ikkje rikke.
12th-Nov-2011 09:09 am - Dag 11
Priscilla
Ord i dag: 1868
Ord totalt: 17474

17474 / 50000 words. 35% done!

Klatrar nærare og nærare der eg skulle vore. Berre litt bekymra for at eg ikkje har nok plott igjen. Men vi får sjå. Det er så mykje eg ikkje veit om alt som kjem til å skje uansett.


Eg såg på klokka. Om eg sprang som vinden, fortare enn eg vanlegvis spring til skysstasjonen, ville eg rekkje bussen til Kveiteheia. Elles var neste buss om to timar. Det er lettare å ta seg ut i verda frå Kveiteheia enn frå Hønegrenda, der går det faktisk meir enn éin buss.
Bussen hadde såvidt byrja å køyre då eg kom fram, men bussjåførane er ganske trivelege her, så han stoppa bussen og sleppte meg på.
“Eg såg deg kome frå langt nedi vegen,” sa han, “akkurat i det eg hadde sett i gang bussen. Du spring fort!”
11th-Nov-2011 12:05 am - Dag 10
Priscilla
Ord i dag: 2105
Ord totalt: 15606

15606 / 50000 words. 31% done!

Dette går berre så utruleg vegen. Eg har til og meg byrja å forstå kva som skal skje vidare utover. Eg kan hinte litt: nokon kjem ikkje til å vere i live i spesielt mange tusen år til.


“Eg trur at,” sa eg, “at eg har blitt forelska.”
“Åh!” sa han. “Kven er den heldige?”
“Han heiter Samuel.”
“Ikkje ein lokal fyr, altså.”
“Nei, han kjem frå … Bærum. Eller…”
“Eller? Anten er han frå Bærum, eller så er han ikkje.”
10th-Nov-2011 12:23 am - Dag 9
Priscilla
Ord i dag: 1992
Ord totalt: 13501

13501 / 50000 words. 27% done!

Byrjer å ta innpå ordmessig. Men har gått tom for plott. *tenkjetenkje*


Alt var stille. Klokka på veggen tikka høgt. Eg hadde snakka nesten uavbrote i ein halv time, eg var tørr i munnen og litt sliten, framleis litt nervøs merka eg. Kva var det dei tok notat over?
Øyvind opna munnen, lukka den igjen. Han ville nok berre køyre meg heim, han vil ofte berre det beste for meg.
“Kvifor?” sa eg, “kvifor har de ikkje fortald meg om andre som er som meg?”
“Erle,” sa Øyvind beroligande.
“Nei,” sa eg, “eg vil høyre kva dei har å seie!”
“Men du har jo Abo Mohammad,” sa Jan Markus endeleg.
“Og så? Han er éin. Eg trudde eg var aleine!”
“Ok, kva vil du vite?” sa Jan Markus. Marta og Mihail så ganske flate ut.
8th-Nov-2011 11:37 pm - Dag 8
Priscilla
Ord i dag: 2319
Ord totalt: 11509

11509 / 50000 words. 23% done!

Må snart finne på meir plott. Plott! Hjelp! Men byrjer å ta igjen det eg eigentleg skulle skrive, ligg under to tusen bak i dag. Men i morgon blir travelt, og eg har eigentleg hundre millionar ting eg skulle gjort som ikkje er nanowrimo.


Eg ville berre kome meg ut døra og ut, der visste eg at eg ville vere trygg, dekt av PSTs finaste. Den einaste som stod i vegen for meg var den svære fyren i sokkelesten. Han heldt kniven i sin høgre hand, altså måtte eg rundt han den lange vegen på min høgre. Eg tok to forsiktige steg i den retninga. Han snudde seg etter meg, plutseleg! steig han mot meg, prøvde å kutte meg i brystet. Eg klarte akkurat å slå underarmen hans unna meg med handa. Eg stoppa igjen. Eg måtte gjere noko han ikkje forventa. Vi stod heilt stille, båe to, venta på at den andre skulle gjere noko. Han stod breibeint, godt for balansen, men eg skvatt ned på golvet, rulla under han, velta han i det eg var på veg opp igjen. Eg skulle nett til å springe ut døra då eg såg mannen som ikkje ville ha lauksuppe tidlegare. Han fylte døropninga ved å halde armane ut og halde fast i karmane. Eg stoppa rett før eg sprang rett i han. Frå gangen utanfor kunne eg høyre tunge, raske fottrinn, minst tre sett. Rask retta eg ut armen i eit kraftig punch. Hovudet
8th-Nov-2011 12:08 am - Dag 7
Violet
Ord i dag: 3286
Ord totalt: 9190

9190 / 50000 words. 18% done!

Skreiv og las AST på skrivars 20 minutt av kvar i tre timar. Det hjelpte. Var på fantastisk skrivemøte. Det hjelpte. Elskar Erle, litt svak på plott.

Eg laga ein wordle òg, på skrivemøtet. Den har dei orda eg har brukt mest, minus heilt vanlege norske ord (som er, den, det, etc).
Wordle: Erle dag 7


”Å, var du der, pus,” sa han, kanskje overdreiv han det litt? Eller var han berre glad i katten sin?
Han gikk tilbake, opna ei dør, lukka den igjen. Eg pusta ut, kjende etter, fann ut at eg var synleg igjen. Tok ein pust inn, konsentrerte meg, gikk rundt hjørnet. Eg såg ikkje kva for dør Falken hadde gått inn gjennom, Men eg rekna med at han hadde gått inn på rommet i midten. Dit ville eg òg. Eg kunne vente, eller snike meg inn etter han. Det var ingen stader å gøyme seg medan eg venta. Så sånn eg såg det hadde eg berre eitt val.
7th-Nov-2011 12:29 am - Dag 6
Priscilla
Ord totalt: 5904

5904 / 50000 words. 12% done!

Gikk litt over midnatt her i dag, men det gjer ikkje noko. Målferd og skrivemøte i morgon, vonaleg ikkje fullt så sjuk.


På ungdomskafeen er det ganske fint å vere. Dei har forskjellige ting å gjere, eg er til dømes ubestridd dartsmeister, har vore det i to år. Og så når dei har musikk kan ein sjølvsagt danse. Eg er ikkje noko flink til å danse, det er ein av ganske få fysiske ting eg ikkje gjer bra, men eg synest det er gøy likevel, så eg drog Espen med meg ut på dansegolvet. Espen er flink, han skal byrje på musikk, dans, drama neste år. Det har dei ikkje på Kveiteheia, så han må flytte inn til byen og bu på hybel. Eg kjem til å sakne han.
Nokon prikka meg på ryggen. ”Hei Erle!”
Eg snudde meg rundt. Kven var det ikkje som stod der men Kenneth. Eg hatar Kenneth. Han er den verste mobbaren i heile Hønegrenda. Eg ser han heldigvis ikkje så mykje no lenger, han er eit år eldre, så han går på vidaregåande no, men eg ser han nok. Hønegrenda er ikkje stor nok for oss båe.
5th-Nov-2011 11:55 pm - Dag 5
Priscilla
Ord totalt: 5003

Elskar Erle. Det er det einaste eg vil seie.



Ein gut. Han var saman med mora si, dei prata lågt saman ved ein statue. Han var noko av det vakraste eg nokon gong har sett. Høg, med mørkt hår som var samla i taggar med hårvoks, djupe, lyse blå auge. Mykje meir vaksen enn gutane i klassen min, sjølv om han ikkje kunne vore så mykje eldre enn dei. Eg vart ståande og stire på han. Vi var dei einaste unge på plassen. Eg såg at han såg opp, såg meg, eg såg raskt bort. Flaut! Øyvind har visst ikkje merka noko. Så, plutseleg, ei skugge framfor meg, ei hand, eit breitt smil, pene kvite tenner, djupe lyse blå auge. "Eg heiter Samuel," sa smilet.
"Erle," sa eg, forfjamsa. Å nei! Eg heitte jo Isabelle. Øyvind rykte til, eg såg det, sjølv om han hadde ryggen til meg, sjølv om det berre var eit veldig lite rykk.
"Hei Erle," sa Samuel, "hyggeleg å møte deg." Han smilte, han strålte opp heile rommet.
This page was loaded Nov 18th 2018, 8:08 am GMT.