?

Log in

No account? Create an account
Lótiel writes
nanowrimo
November 5th, 2011 
12:16 am - Dag 4
Priscilla
Ord totalt: 1461

Eg byrjar å like Erle. Ho er ikkje så tredimensjonal, men er likevel kul.



Første gong eg møtte Øyvind hata eg han. At ein person plutseleg skulle kome og fortelje meg kva eg skulle gjere, særleg etter at dei hadde forsikra meg om at eg skulle vere sjølvsendig og få gjere det eg ville, du liksom.
”Kven er du?” sa eg til han.
”Øyvind Gulbrandsen heiter eg,” sa han.
”Kva vil du?” sa eg. Eg innser at eg kanskje høyrdest litt sur ut, men han kom veldig plutseleg på.
”Eg skal vere den personen som passar på deg for PST.”
”Eg treng ikkje barnevakt.”
”Det har eg aldri sagt heller,” sa han, forsonande.
”Du sa du skulle passe på meg.”
”Eg skal passe på så du får den infoen du treng, så du har dei hjelpemidlane du treng, så du får brukt evnene dine best mogleg.”
”Hjelpemidlar?”
”Kva enn du vil ha!”
Og sia då har eg likt Øyvind veldig godt.
11:55 pm - Dag 5
Priscilla
Ord totalt: 5003

Elskar Erle. Det er det einaste eg vil seie.



Ein gut. Han var saman med mora si, dei prata lågt saman ved ein statue. Han var noko av det vakraste eg nokon gong har sett. Høg, med mørkt hår som var samla i taggar med hårvoks, djupe, lyse blå auge. Mykje meir vaksen enn gutane i klassen min, sjølv om han ikkje kunne vore så mykje eldre enn dei. Eg vart ståande og stire på han. Vi var dei einaste unge på plassen. Eg såg at han såg opp, såg meg, eg såg raskt bort. Flaut! Øyvind har visst ikkje merka noko. Så, plutseleg, ei skugge framfor meg, ei hand, eit breitt smil, pene kvite tenner, djupe lyse blå auge. "Eg heiter Samuel," sa smilet.
"Erle," sa eg, forfjamsa. Å nei! Eg heitte jo Isabelle. Øyvind rykte til, eg såg det, sjølv om han hadde ryggen til meg, sjølv om det berre var eit veldig lite rykk.
"Hei Erle," sa Samuel, "hyggeleg å møte deg." Han smilte, han strålte opp heile rommet.
This page was loaded Nov 18th 2018, 7:50 am GMT.