?

Log in

No account? Create an account
Lótiel writes
nanowrimo
November 3rd, 2011 
08:55 am - Dag 1
Priscilla
Ordmål: 2000
Skrive: 2424
Totalt: 2424

2424 / 50000 words. 5% done!

Fann etter kvart ein faktisk arbeidstittel til boka: Ein spøkjelsesheim. Cheesy, men betre enn [arbeidstittel].

Eg skal vise høgdepunkt frå dagens skriving her på lotiel_writes. Det første kjem i dag.


"Lov meg at du aldri går inn i åndeskogen! Eg har vore der, det er ikkje ein plass for menneske, du er ikkje meint å vere der, og heile skogen kjem til å prøve å skade deg. No var det lettare før, då, då eg var ung, ein måtte vere bestemd og ressursfull, og så kom ein seg over gjerdet. I dag er det mykje vanskelegare.

Lov meg at om du ser ei ånd må du springe din veg!”
09:04 am - Dag 2
Priscilla
Ordmål: 1500
Skrive: 276
Totalt: 2700

2700 / 50000 words. 5% done!

Ops. Brukte heile kvelden på å prate og sjå film med Simon, og såg film på toget mellom Rognan og Mo. Byrjar å like ting litt betre etter å ikkje ha elska i går. Men eg slit, som vanleg, med å skrive langt.


Pus: ”Kva gjer du?”
Eg: ”Ikkje noko farleg. Berre pass på så ingen ser.”
Bell: ”Vil dei ikkje merke det uansett?”
Eg: ”Nei da. Eg fiksar det. Det ordnar seg.”
Bell gikk eit lite stykke unna. Pus var visst engsteleg framleis. ”Kva er det?” sa eg.
”Det der er vel dritulovleg?”
”Jeps.”
”Du kjem til å bli tatt.”
”Nope.”
”Masse trøbbel.”
”Trur ikkje det.”
”Men Mekk…”
”Det ordnar seg, Pus. Null stress.”
Frå Bell: ”Ehm… folkens?”
This page was loaded Dec 17th 2018, 8:16 pm GMT.