November 1st, 2011

Priscilla

NaNo 2011

Eg skriv NaNoWriMo igjen. Etter fire år. Boka har ikkje tittel enno, ikkje eingong ein arbeidstittel, så dokumentet eg skriv i heiter arbeidstittel.doc. Eg har, som sist, sett opp ein detaljert skriveplan med kor mange ord eg skal skrive kvar dag, der eg har sett på kor travel eg er dei ulike dagane. Så får vi sjå korleis det går etter kvart. Fire spennande veker der det kjem til å skje mykje!