Lótiel (lotiel_vanya) wrote in lotiel_writes,
Lótiel
lotiel_vanya
lotiel_writes

Day 15

Ord i dag: 2989
Ord totalt: 25009

25009 / 50000 words. 50% done!

Ting går framover, eg kan kanskje ha nok plott til 25000 ord til, eg er endeleg der eg skal vere ord-messig, alt er fint. Har endeleg fått dei ut av Oslo òg.


Den vesle blå bilen stoppa, sjåføren lente seg over og opna passasjerdøra frå innsida. I Hønegrenda ville bilen sikkert blitt kalla “Skranglekassa”, den hadde rustflekkar overalt, og så minst tjue år gammal ut. “Hopp inn!” sa sjåføren. Eg var ikkje sikker, men det høyrdest ut som stemma vi hadde høyrd på telefonen. Bilen hadde berre to dører, så eg fann spaken på framsetet for å skyve det framover og klatra inn i baksetet. Setetrekket var eit ullstoff i brunt, og det lukta sterkt av røyk inne i bilen.
Tags: 2011, week 3
Subscribe

  • Dag 27

    Ord i dag: 2313 Ord totalt: 48348 48348 / 50000 words. 97% done! Kan berre cruise inn til mål i morgon. Digg. Sjølv om avslutninga no blir eit…

  • Dag 26

    Ord i dag: 4133 Ord totalt: 46035 46035 / 50000 words. 92% done! Beste dagen heile månaden, by far. Slutten er definitivt i sikte, etter at ting…

  • Dag 25

    Ord i dag: 1870 Ord totalt: 41902 41902 / 50000 words. 84% done! Ulrikke har vore veldig skeptisk til at eg ikkje har visst kven skurkane er,…

  • Post a new comment

    Error

    Anonymous comments are disabled in this journal

    default userpic

    Your IP address will be recorded 

  • 0 comments