?

Log in

No account? Create an account
Lótiel writes
nanowrimo
now 
28th-Nov-2011 12:01 am - Dag 27
Priscilla
Ord i dag: 2313
Ord totalt: 48348

48348 / 50000 words. 97% done!

Kan berre cruise inn til mål i morgon. Digg. Sjølv om avslutninga no blir eit rot.



Eg må ha sovna igjen, sjølv om det var vondt å liggje på golvet. Eg vakna av mobilen denne gongen, eg svarte utan å tenkje meg om.
“Hallo?” sa eg.
“Erle?” sa Øyvinds stemme. Han kviskra.
“Øyvind!” sa eg, sat meg opp så fort at eg sparka Samuel i magen. “Lev du?”
“Ja,” sa han. “Eg får eigentleg ikkje lov til å snakke med deg, så vi må gjere dette raskt.”
“Ok,” sa eg.
“Kva er planen din?”
Kvifor måtte alle absolutt spørje om det? Eg var ikkje den som skulle lage planane i vårt arrangement. “Eg har ingen plan.”
27th-Nov-2011 12:08 am - Dag 26
Priscilla
Ord i dag: 4133
Ord totalt: 46035

46035 / 50000 words. 92% done!

Beste dagen heile månaden, by far. Slutten er definitivt i sikte, etter at ting har gått litt treigt. Eg har òg blitt flinkare til å hoppe over det keisame. No er det vel eigentleg berre the final showdown igjen, det blir episk.



“Og de er heilt sikker på at ho ikkje var der då de kom?”
“Ja, Ulf,” sa den eine.
“Leita de i buskane?” sa Ulf.
“Nei,” sa den andre, “tipsaren byrja å stille spørsmål.”
“Spørsmål vi ikkje eigentleg kunne svare på utan å lyge,” sa den første.
“Nei, og de kan vi jo ikkje tillate,” sa Ulf.
“Det var det vi òg tenkte,” sa den første mannen.
“Det einaste rette er å tene Herren,” sa den andre.
“Og vi skal tene Herren rett,” sa Ulf. Det høyrdest ut som eit rituale. “Veldig sant, veldig sant.”
26th-Nov-2011 12:13 am - Dag 25
Priscilla
Ord i dag: 1870
Ord totalt: 41902

41902 / 50000 words. 84% done!

Ulrikke har vore veldig skeptisk til at eg ikkje har visst kven skurkane er, men no har ho hjelpt meg å finne det ut, så då burde det ikkje vere vanskeleg å skrive ferdig greia.


Foten min støytte borti noko som kjendest feil, det var mjukt på ein ikkje-mose-måte. Eg såg ned. Det var sida til Øyvind, og resten av kroppen hans låg der òg!
“Øyvind!” sa eg.
“Urghhh…” sa han.
“Øyvind!” sa eg. Eg klarte ikkje å finne på noko anna å seie.
25th-Nov-2011 01:02 am - Dag 24
Priscilla
Ord i dag: 1683
Ord totalt: 40032

40032 / 50000 words. 80% done!

Arg. Tungt. Men ikkje langt igjen.



Eit bilete av meg kom opp ved sida av nyhendeankeret. “Politiet vil framleis kome i snakk med femten år gamle Erle Strand etter drapet på Roy Hjelle(?) i Bodø måndag. Dei trur ho har flytta seg til Oslo, og bed dei som måtte sjå henne om å ringe. Politimeister Sebastian Stang i Salten politidistrikt, du er med oss på telefon, kvifor er det viktig for dykk å kome i kontakt med denne jenta? “Erle Strand har status som vitne i denne saka, og kva ho kan fortelje oss er svært viktig for etterforskinga.” Kvifor oppmodar de ikkje folk til å ta kontakt med Erle Strand direkte? “Vi trur at Erle kan tru at ho er i fare frå dei som drap Roy Hjelle. Difor er det lettare om det er politiet som tar seg av kontakten med henne. Men vi vil leggje vekt på at ho ikkje er farleg i seg sjølv.” Takk til deg, Sebastian Stang, politimeister i Salten politidistrikt.
No til kulturnyhende. Robert Strands første film som både regissør og hovudrolleinnehavar er nominert til Oscar. “Straffarens hevn” har gitt publikumsrekord på kinoar over heile landet. Filmen har blitt vist i fleire europeiske land og fått generelt gode kritikkar.” Biletet hoppa til ein reporter som stod ved ein kino, det såg ut som ein av kinoane i Olso. Ved sida av henne stod onkel Robert. “Korleis følest det å bli nominert til Oscar, Robert Strand? “Det er heilt fantastisk, eg kan ikkje seie noko anna enn det. Eg er veldig glad for at dommarane har sett verdien av filmen som eg har jobba så hardt med.” Takk til deg, Robert Strand,” sa reporterern. “Og takk til deg Ida Berntsen,” sa nyhetsankeret i studio.
24th-Nov-2011 12:22 pm - Dag 23
Priscilla
Ord i dag: 1091
Ord totalt: 38349

38349 / 50000 words. 77% done!

Traff på ein blokk, og dessutan jobb og opptatt. Men har hoppa vidare i forteljinga, så kanskje det går betre no.


Eg måtte finne ut kvar Øyvind opphaldt seg. Eg måtte finne han. Eg kunne ikkje drive på med dette lenger utan han, eg var altfor redd. Dette var altfor stort for lille meg. Eg er jo berre femten år.
Eg veit, eg veit, eg plar å seie at femten år er mykje nok, at femtenåringar er smarte nok til å bestemme over seg sjølv. Men no føler eg at det er ein grunn til at myndigheitsalderen er atten. Eg følte meg veldig, veldig liten.
Så då måtte
23rd-Nov-2011 12:38 am - Dag 22
Priscilla
Ord i dag: 1930
Ord totalt: 37258

37258 / 50000 words. 75% done!

Eg travar vidare. Det går overraskande bra, eg skal klare den siste fjerdedelen fint (sjølv om det følest for mykje, men eg er på planen).


Falken: “Eg er ein vaskeekte verdsborgar.”
Samuel: “Slutt å kødde!”
Eg orka ikkje meir. Huset mitt var borte. Eg kunne ikkje snakke med mamma og pappa. Øyvind let meg ikkje kontakte han. Alt det trygge var utrygt. Eg ville ikkje meir.
Då eg reiste meg frå bordet slutta dei å snakke brått. Dei såg etter meg medan eg gikk ut av stova, og ned trappa. Så gikk eg rundt hjørnet i gangen nede, og dytta opp utgangsdøra.
Eg gikk eit stykke nedover den same vegen som eg og Samuel hadde sprunge på for så lenge, lenge sia, ei heil veke, nøyaktig, i dag.
Etter ei stund stoppa eg. Eg innsåg at eg faktisk ikkje ante kvar eg var eller korleis eg skulle kome meg kvar enn Øyvind var. Ikkje hadde eg pengar til det heller.
Det einaste svaret, i alle fall på det siste spørsmålet, var: innbrot.
20th-Nov-2011 12:30 am - Dag 19
Priscilla
Ord i dag: 2184
Ord totalt: 32505

32505 / 50000 words. 65% done!

Ting flyt. Eg har ei viss aning om korleis vi kjem oss til slutten herfrå (ikkje så mykje aning, men litt, veit i alle fall kva neste scene skal vere). Erle er litt personlegdomslaus, men det får vere. Har byrja å drøyme om Samlaget.


Den dagen Beate forsvann byrja han verkeleg å lure på om han skulle pakke kofferten og dra til Sverige. Berre bryte all kontakt tvert, seie frå til Erle, så ho ikkje skulle bli for uroa. Det var ikkje mange dagane etter Falken-affæren, og han hadde byrja å høyre skumle rykte om Samuel, som Beate var handler for. Berre det at dei òg hadde vore på galleriet på Makrellbekken, utan at han hadde visst noko, var ille nok i seg sjølv, det var definitivt noko på gang her.
Han var blitt mykje meir forsiktig på jobben no. Lytta alltid ved dørene. Såg etter kven som snakka med kven, kven som unnlet å helse på kven i gangane. Kven som ikkje dukka opp på allmøte. Tysdagen etter Falken-affæren høyrde han namnet Roy bli nemnd. Han hadde ikkje tenkt på den gamle partneren sin på lenge, men om det var nokon som visste kva som skjedde, så var det han. Han var ein meister på avlytting, og hadde alltid vore eit hakk meir paranoid enn andre, så han hadde sikkert avlytta PST. Det ville vore så utruleg likt han.
19th-Nov-2011 12:16 am - Dag 18
Priscilla
Ord i dag: 1913
Ord totalt: 30321

30321 / 50000 words. 61% done!


“Om vi berre kunne finne ein sideveg, no,” sa Odd, “men det har dei vel ikkje her.”
“Kva?” sa eg.
“Eg skulle gjerne fått dei til å køyre forbi, så vi ikkje treng å drive på sånn her heilt til Mo i Rana,” sa Odd.
Ved sida meg kasta Samuel opp. Lydane av brekningar og væske som trefte plastpose gjorde meg nesten meir kvalm enn sjølve lukta.
“Kan du opne eit vindauge?” sa eg.
“Ja,” sa Odd, “men då mistar vi fart, så helst ikkje!”
“Ok,” sa eg. Men eg følte det ikkje. No var det rett før eg måtte dele posen med Samuel.
18th-Nov-2011 03:07 pm - Dag 17
Priscilla
Ord i dag: 1998
Ord totalt: 28408

28408 / 50000 words. 57% done!

Utruleg deilig å halde seg flytande. Og ting funkar for det meste òg.
16th-Nov-2011 01:15 am - Day 15
Priscilla
Ord i dag: 2989
Ord totalt: 25009

25009 / 50000 words. 50% done!

Ting går framover, eg kan kanskje ha nok plott til 25000 ord til, eg er endeleg der eg skal vere ord-messig, alt er fint. Har endeleg fått dei ut av Oslo òg.


Den vesle blå bilen stoppa, sjåføren lente seg over og opna passasjerdøra frå innsida. I Hønegrenda ville bilen sikkert blitt kalla “Skranglekassa”, den hadde rustflekkar overalt, og så minst tjue år gammal ut. “Hopp inn!” sa sjåføren. Eg var ikkje sikker, men det høyrdest ut som stemma vi hadde høyrd på telefonen. Bilen hadde berre to dører, så eg fann spaken på framsetet for å skyve det framover og klatra inn i baksetet. Setetrekket var eit ullstoff i brunt, og det lukta sterkt av røyk inne i bilen.
This page was loaded Nov 25th 2017, 5:19 am GMT.